041123

NE51692 tilbake på Jønnevald 04/11-2023

Da var nr. 192, Volvo B9M, 1990 modell tilbake på Jønnevald. Litt grønske og grafitti på begge sider, men Agnar tok såpe og vann og kostet. Med hjelp av høytrykk ble bussen mye bedre og resten av grafittien satser vi på å få av til våren. Åsmund Kroken har følgende historie om bussen og Repstad:


Volvo B9M-60 ch.nr 24338- 1990-mod., TBR int.nr. 192 (Grenland Nord trafikkselskap. nr.92)
Bussen er ein av dei siste bygd på Br. Repstads Karosserifabrikk i Søgne. Dette var ein ny modell som vart introdusert frå Repstad, og finns i svært avgrensa tal, kanskje den einaste bevarte, difor spesielt verneverdig. Utvikling av denne nye modellen vart kanskje for tung for verksemda, som gjekk konkurs i 1990. I tillegg hadde Noreg opna opp for import av nye bussar, noko som hadde vore svært vanskeleg tidlegare. Grunnen til importvanskane var i alt vesentleg ein del særnorske tekniske buss-spesifikasjonar, som utanlandske produsentar ikkje ville tilpasse i sin produksjon. På denne måten var norske karosserifabrikkar verna for sterk utanlandsk konkurranse, som ofte var standardisert serie-produksjon. Men tida var nok mogen for europeisk tilpassing, som kom for fullt etter EØS-avtala i 1994. Nemner også at Arna Bruk Karosserifabrikken gjekk same veg like etter introduksjon av sin nye modell, Comèt, i 1995.
Bussen sin historikk er litt ukjent, men den gjekk i rute hjå Grenland Nord Trafikkselskap frå ny, og heldt fram der då TBR overtok i 1998. I 2005 vart den sett inn i skulerute i Vest-Telemark avd. Vrådal, og gjekk sist i Åmli-området fram til den vart avvikla i 2011. Bussen fekk ny Allison automatgirkasse på 2000-talat, som berre har gått nokre 10-tusen km.